John Olav Nilsen & Gjengen
John Olav Nilsen og Gjengen kjem tilbake til Søfteland!
Allereie før det kritikarroste debutalbumet «For sant til å være godt» stod loddefjordbandet John Olav Nilsen og Gjengen på scena hos oss. Det var den aller første utandørskonserten for bandet. Fredagskvelden i 2009 vart avslutta med allsong, eit sprengt stemningsbarometer og låta «Ti ganger tusen» akkompagnert av blant anna Lars Vaular. Det heile var ein heilt magisk oppleving og står endå som ein av dei aller beste konsertane nokon gong i Rock n’ LOL si historie!
Etter denne første utandørskonserten har John Olav og gjengen stått på dei fleste scenene og spelt på dei fleste festivalane i landet. Sidan den gong har dei også motteke Spellemannspris for debutalbumet som kom ut berre to månader etter den legendariske konserten på Rock n’ LOL i 2009. Albumet blei forøvrig vel fortjent kåra til årets norske album av ei rekkje aviser og magasiner.
«Det nærmeste du kommer» er namnet på oppfølgjaren og kom i butikkane i februar i fjor. Albumet fekk gode kritikkar og fann sin plass rett inn på toppen av både VG-lista og iTunes-lista. Også denne plata vart nominert til Spellemann.
Det skal bli fantastisk å sjå John Olav Nilsen og Gjengen tilbake på Søfteland i sommar!
Musikkvideoen til den singelen «Skrekkfilm» henta frå andrealbumet ser du under.


Følg oss på
By PRIMEBTS free bet